Skugge av ein gutt

 
 

Regi ved Ola B. Johannessen


Scenografi: Carl Lange

Lysdesign: Per Willy Liholm

Lyddesign: Igor Zamarajev

Dramaturg: Cecilia Ölveczky



Skuespillere: Torbjørn Eriksen, Marianne Krogh, Elisabeth Sand, Sverre Solberg og

Unn Vibeke Hol.


Premiere: 23. mars 2006


Link til Det Norske Teaterets hjemmeside om forestillingen

Alle foto: © Leif Gabrielsen

Eit objekt for andre

Skugge av ein gut handlar om ein gut i oppvekst saman med si unge fostermor, eit forhold som utviklar seg mot det incestuøse. Også dei døde foreldra og nabodama deltar i spelet rundt ungguten Tom, eit drama der kvinnene markerer sitt erotiske revir med styrke og der Tom blir eit objekt for andre sine ønskje. Det er ei tett og spennande sceneforteljing om binding, eigarskap, mogning og fridom.


Leik med tidsperspektiv

Som dramatikar leikar Lygre ofte med tidsperspektiv og synsvinkel og bygger opp stykka sine med å flyte fritt mellom fortid og notid til dei etter kvart gir oss eit heilt bilde. Stykket opnar då Tom er 14 år gammal og vekslar mellom fortid og notid i annakvart sceneskift, fram dit Tom er mogna til mann og heilt bakover til der mora går svanger med Tom. Midt i denne vekslinga står fostermora Anna. I rørsla bakover i tid, finn ho i Tom erstatning for barnet ho aldri fekk. Slik blir Tom eit objekt for Anna, forma slik ho ønskjer det.